Publisert av:
20/6/2012 05:24
Avslutning for siste gong
Lunde skule vart opna i 1899. I går var det avslutningsfest for siste gong for lærarar og elevar ved skulen.
Foreldre, søsken og besteforeldre var til stades i gymsalen. Dei fekk høyra mykje song og musikk frå elevane. Det var også biletpresentasjon av skuleåret som har gått, presentasjon av kva elevane har likt best ved skulen og spørjekonkurranse.
Rektor Nina Iversen takka for det nære og tette samarbeidet ho har hatt mellom skule og foreldre, og ho rosa også lærarstaben sin og takka for ei flott tid saman ved Lunde skule.
Til slutt var det matøkt og sosialt samvér.