Publisert av:
27/9/2014 20:30
Avgjerande innsats
Besøket til farmora på Tysnes Sjukeheim i dag vart nok langt meir actionfylt enn kva han hadde sett føre seg.
Kjetil var truleg den fyrste som identifiserte brannen, frå utsida, då han kom til sjukeheimen. Brannalarmen hadde då nett vorten utløyst. Kjetil tok seg straks inn, og berga mannen med seg ut frå det brennande rommet.
Både VG og BT skriv i kveld om Kjetil Frugård sin flotte og avgjerande innsats.
Brannsjef Torfinn Kongsvik framhevar Frugård sin innsats ovanfor BT:
– Personen på staden gjorde ein kjempeinnsats. Han redda sannsynlegvis eit liv.