Auka handel

Publisert av:
25/5/2010 20:08

Tal avisa Sunnhordland syner til i dagens avis, viser at detaljhandelen på Tysnes i 2009 hadde ein auke på 1,3%. Handlinga utgjorde 47.472 kroner pr innbyggjar.

Alle kommunane i Sunnhordland hadde ein auke i perioden. I høve auken for landsgjennomsnittet låg Tysnes litt under, då Noreg hadde 1,4% endring.

Dei første seks månadane av 2009 gjekk det tregt for handelsnæringa i Noreg, og det blei registrert tilbakegang dei fleste stader. Finanskrisa fekk skulda for det, men i løpet av andre halvår i fjor byrja nordmenna å bruka pengar igjen, skriv Sunnhordland.