Illustrasjonsbilete

Asfalteringsarbeid

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/4/2021 12:43

Tysnes kommune melder om asfalteringsarbeid i denne og neste veke.

Asfalteringsarbeidet held fram på følgjande vegar:

 

Fredag 30. april og mandag 3. mai: Heiavegen

Tysdag 4. mai: Vågsneset

Onsdag 5. mai: Vågsmarka – frå busshaldeplassen til krysset Vågsåsen. Gåande kan passere – bilistar må nytte gangvegen frå Vågsåsen til Stølsvegen.

 

Arbeidet vil føregå frå kl. 0830 til 1630 alle dagar, og det vil vere vanskeleg å passere arbeidet.