Asfaltering

Publisert av:
31/3/2014 13:30

I følge planen til Statens Vegvesen får Tysnes vel 1000 m meir asfalt i 2014 enn i 2013

I fjor var det strekninga Belt-Malkenes som fekk 2 539 meter med ny asfalt.

Slik planane er i år, vert asfalten fordelt på fire mindre og ei lengre strekning.
Mellom Espevik og Hodnanes på FV78 er det 4 kortare stekningar på tilsaman 1000m som får ny asfalt, mens ein på FV49 frå rundkjøringa i Våge vil få 2585 m med asfalt.

Tabellen over strekningar i Hordaland som får ny asfalt finn du her.

Statens Vegvesen har også lagt ut eit kart som syner strekningane.