Årsmøte og medlemsfest
13/1/2020 18:52
Båtlaget Njord/Tysnes kallar inn til medlemsmøte med påfølgande medlemsfest
Tid: Fredag 31. januar 2020 kl. 18.00
Stad: Njordstø
Sakliste:
1. Opning og godkjenning av innkalling og sakliste
2. Årsmelding for 2019
3. Rekneskap for 2019
4. Årsplan/aktivitetsoversikt 2020
5. Kontingent
6. Nye/endra lover i båtlaget
7. Innkomne saker
8. Budsjett 2020
9. Val
Årsmeldinga og Endringar av lovene til båtlaget ligg vedlagt til denne saka (oppe til høgre).
Saker som ein ynskjer handsama som eige punkt på saklista, må vera styret i hende seinast 2-to veker før årsmøtet.
Vel møtt!
Helsing styret
Etter årsmøtet, ca. kl. 19.30. vert det invitert til medlemsfest med m.a. følgjande program:
Matøkt: Gryterett (båtlaget held brus- anna drikke tek du med sjølv)
Musikk
Kahoot/Quiz
Gåvedryss
Ta med deg ektefelle/sambuar. Bindande påmelding og betaling av eigenandel kr.150
kan skje her innan måndag 27. januar 2020 eller til steffenopdal@gmail.com / mobil
47603335