Arne Mæland i Sundagsakademiet

Publisert av:
7/1/2011 12:15

Då Arne Mæland vart råka av ei ulukke heime på garden sin på Onarheim i 2004, hadde han bak seg ein lang og mangslungen karriere som flygar og helikopterpilot med bortimot heile verda som virkefelt.

Frå 1975 arbeidde han først for den legendariske piloten Carl Gustav von Rosen i Etiopia, i regi av Kirkens Nødhjelp. Deretter fløy han ambulansefly på norskekysten. Det var her han gjekk over til å fly helikopter. Som helikopterpilot fløy han på skogbrannsløkking i Spania, Portugal, Italia og Noreg, forutan Australia. Han var også på Grønland og Svalbard som pilot, om han då ikkje arbeidde i fjernare strok som Amazonas, der han tok del i oljeleiting, eller i Malaysia, Zimbabwe eller Sudan på kortare eller lengre oppdrag.

Den lengste tida jobba han i Papua Ny-Guinea. I heile 10 år hadde han fast base her. Etter kvart etablerte han eit lite firma for å handla med rågull, og det er ikkje godt å seia korleis det ville gått om han ikkje brått hadde vorte alvorleg skadd heime i Noreg, nett som han var på veg til Australia for å ta del i ei brannsløkking.

Opphavleg var Arne Mæland, som er fødd i 1943, utdanna agronom. Saman med faren dreiv han sagbruk på Årbakka med produksjon av tønnestavar og fruktkasser. I 1970 var han ferdig utdanna sivil flygar. Det hendingsrike livet hans er skildra i boka “Bushpilot: Arne Mæland sitt eventyrlege liv i lufta”, fortalt til Lars Skorpen (2009). På Sundagsakademiet 16/1 vil Arne Mæland fortelja om alle dei spanande hendingane han har vore med på verda over, og det er også høve til å få kjøpt boka om han.

Som vanleg vert det ein pause undervegs i programmet og tid til ein kopp kaffi og noko å bita i.

Stad og tid: Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen, sundag 16. januar kl. 17. Gratis adgang.
Arr. Tysnes folkebibliotek og Tysnes Sogelag.