Arbeidsløysa

Publisert av:
30/1/2010 09:17

Arbeidsløysa har auka med 182 personer sidan førre månad.  Det er 348 fleire heilt arbeidslause enn på same tid i januar 2009.  

Vi har tilsaman 412 personar som er permittert, av desse er 181 heiltidspermittert og 231 delvis permittert.  Herav var 8 heilt permitterte og 11 delvis permitterte i fiskeindustrien denne månaden. 

I januar 2009 var det totalt 382 permitterte, av desse var 157 heilt permitterte og 216 delvis permitterte.Det var tilsaman 170 personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak.  Dette er 109 fleire enn på same tid i januar 2009.  

Det er registrert tilsaman 450 personar som er delvis ledige, noko som er ein auke på 160 frå januar 2009.  

Auken i Etne skyldast mindre etterspurnad etter arbeidskraft innan fleire bransjar. I Sveio er hovudårsaka auka permitteringar/permitteringar pga kulde spesielt innan entreprenørbransjen. Bømlo og Fitjar har auke i permitteringar. På Stord, Tysnes og i Kvinnherad er det ordinær sesongauke i ledige. 

For ytterlegare kommentarer, kontakt Nav Sunnhordland Astrid Østerlid tlf. 905 62 878