Andersland Bygg får ny dagleg leiar

Publisert av:
2/9/2013 12:51

Atle Andersland held fram i verksemda i ei anna stilling.

Samstundes aukar Andersland Bygg AS kapasiteten ved at Magnar Solheim vert tilsett som ny prosjektleiar frå 1. oktober. Solheim er utdanna byggingeniør og kjem frå Omega Areal AS på Stord.

Andersland Bygg AS seier til Tysnesingen.no at dei ynskjer å ivareta kundar og samarbeidspartnerar på ein god måte og ser fram til eit vidare godt og konstruktivt samarbeid med desse.