Andelege songar og kongebiblar

Publisert av:
3/4/2013 11:49

Cecilie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 – 1962) kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og ho lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal kom ho til Reksteren som tenestejente. Der vart ho verande, og gifte seg i 1909 med Jan Andreas Olson Vernøy. Dei fekk fire born. Ho var oppvaksen ute i havgapet, både mannen og sønene var sjøfolk, og sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den Norske Sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til.

 

I 1957 vart dei andelege songane hennar tekne vare på for ettertida. Dåverande sokneprest i Tysnes, Alv M. Askeland, fekk ordna det slik at Cecilie Vernøy fekk høve til å syngja inn 30 songar i NRK sitt studio i Bergen, og det er frå desse innspelingane me skal høyra på Sundagsakademiet. Marianne Tvedt vil syngja sine eigne versjonar av oldemora sine songar. 

 

Forutan konserten med opptak av Cecilie Vernøy og song av Marianne Tvedt, vil Olav Skjellevik presentera si eineståande samling av gamle biblar. I si eiga har han orginalutgåvene av Christian III sin bibel frå 1550, Fredrik II sin bibel frå 1589 og Christian IV sin bibel frå 1633. Desse biblane vart stilt ut i ein glasmonter i Onarheim kyrkje i fjor og vekte stor merksemd. På Sundagskademiet vil Olav Skjellevik fortelja om desse sjeldne utgåvene, og publikum vil få høve til å studera biblane nærare.

 

Velkomen til ein ganske spesiell sundags ettermiddag! 

 

Arr. Tysnes folkebibliotek. Sal av kaffi og noko å bita i. Gratis adgang.