Publisert av:
25/7/2010 19:59
Andel innvandrarar
Det er Sunnhordland fredag som viser i tabell kor mange innvandrarar det er i Sunnhordland og i dei ulike kommunane.
For Tysnes sin del er her 142 innvandrarar. Stord, Bømlo og Sveio har fleire enn Tysnes rekna i andel av befolkninga, medan Kvinnherad og Fitjar har færre.
Det er tal frå Statistisk Sentralbyrå som ligg til grunn. SSB deler innvandrarar i to grupper. Den eine er innvandrarar frå Vesteuropeiske EØS-land, Nord-Amerika, Australia og New Zealand, mens den andre gruppa inkluderer alle andre land i verda.
I Tysnes er heile 82 prosent innvandrarar i fyrstnemnde gruppe, medan 18 prosent tilhøyrer den andre, skriv Sunnhordland.