Publisert av: Johnny Helgesen
4/7/2019 22:18
Alt klart for cuphelg
I kveld var a-laget til Njardar og andre gode hjelparar i full gang med å klargjera årets cup.
Den 23. Utgaven av Tysnes sparebank cup sparkast i gong fredag kl 1730.
Det skal totalt spelast 89 kampar fordelt på fredag, laurdag og søndag. Omkring 370 spelarar skal i aksjon på Reiso.
Torsdagskveld var damelaget «Flamingos» å varma opp på den strøkne grasmatta på Reiso. Dei fyrste camparane var og i gang med å rigga seg på plass.
Hoppeslottet er og på plass slik at dei minste kan leika seg der i mens dei voksne leikar seg på fotballbanen.
Tekst og bilder: Thomas Hagen