Aktivitetar for små og store på Nesse Gard

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/7/2024 12:03

Tysnes Putball, på Nesse Gard, inviterer alle til å komma til Neshamn og spele Putball.

Putball er ein blanding mellom golf og fotball. Her følgjer ein golfprinsippa, men tek i bruk fotball og beina. Målet er å sparka ballen i hola med færrast mogleg spark. Dei ni hola på området har ulik vanskegrad, nokre skal vera nybyrjarvenlege, andre vil vera med hinder. Putball passar for alle aldrar.

Banen er nyslått og fotballane ligg i kassen sin og venter på akkurat deg.

På Nesse Gard kan du også oppleva Leikeskogen. Her er det mellom anna lavvo, vikingskip, leikehytte, mange ulike disser, balanseline og utsiktstårn.
Går du naturstien «Hakkebakkestien», møter du på både Klatremus og Bestemor Skogmus, som er fint måla på treplank.

 

Velkomne til gards, seir Karianne Dalland Nesse. Vi har ope kvar dag, til og med sundagar!