Publisert av: Vegard Aslaksen
15/12/2019 19:35
Agnes og Olav Berges stipendiefond
No kan du søka om stønad gjennom Agnes og Olav Berges stipendiefond.
Stipendiefondet er eit legat, administrert av Tysnes kommune.
Stipendiefondet etter Agnes og Olav Berge er administrert av Tysnes kommune. Føremålet med stipendiefondet er å gje stønad til ungdom frå Tysnes under utdanning. Inntil halve avkastninga av grunnkapitalen kan delast ut kvart år.
Storleiken av utdelinga vert fastsett av styret etter søknadsfristen er gått ut, 20. jan. -20.
Les meir her på Tysnes Kommune sine heimesider.