Å væra raus

Publisert av: May Britt Meland
20/9/2018 17:40

Verdensdagen for psykisk helse vert markert med eit sterkt og personleg foredrag Av Ingrid Bruun.

Ingrid Bruun

 

May Siren B Holme, psykisk helsearbeider for barn og unge, fortel til Tysnesingen.no at det også i år vert eit arrangement i forbindelse med Verdensdagen for psykisk helse. Dette er noko som engasjerer folk, i fjor kom i overkant 200 tilhøyrarar på kveldstid!!

Vidare fortel Holme at det på dagtid er eit arrangement for ungdomsskuleelevane, også då foredrag ved Ingrid Bruun.

Årets tema er «Å vera raus»! Me gler oss til dette!