Oppstart av lokallag av NFU Tysnes
30/10/2012 09:20
Det vert valg av styre i lokallaget og gjennomgong av vedtekter for lokallag.
Møtet er for funksjonshemma, foreldre/føresette, søsken og andre intersserte.
Enkel servering
Referat frå møtet med fylkesleiar 10. Okt.
10. oktober reiste Anne Jorunn Økland og Geir Tore Søreide(fylkesleiar i Hordaland) til Tysnes kommune for å treffa personar som er opptatt av utviklingshemma sin kvardag. Me hadde på førehand hatt annonse i lokalavisa og sendt info til aktuelle.
Frammøte var bra, og me hadde ei kjekk og interessant samling der me diskuterte ulike aktuelle saker for utviklingshemma i kommunen.
Det er tydeleg at det er behov for eit lokallag i denne kommunen, og det er viktig å ha eit fora der NFU-arar kan treffast og diskutera felles problemstillingar.
Dei frammøte var samde om at dei skulle ha eit oppstartmøte tidleg i november der dei valde eit interimsstyre.
Fylkeslaget i Hordaland kjem til å ta liknande initiativ i andre kommunar der det ikkje er lokallag.
Me vil takka Frivilligsentralen på Tysnes for eit godt samarbeid.
Geir Tore Søreide