Jim Reeves – i Uggdal
16/10/2012 13:32
Det er songaren Knut Inge Røen frå Samnanger som formidlar desse og det er Uggdal Sokneråd saman med Tysnes støtteforening for Indremisjonen som står som arrangør.
Jim Reeves var født i august 1923 og døde 31.juli 1964 i ei tragisk småfly-ulukke. Han stod då på toppen av karrieren og var i mange kretsar meir populær enn sjølvaste Elvis Presley.
Han begynte egentlig karrieren som 5-åring og ynskte å verta country-artist. Då han var 12 år var han fyrste gong med i eit radio-show. Men han la snart cowboyhatten på hylla. Med si karakteristiske baryton-stemme distanserte han seg frå country preget. Mange kritisete han for hans mjuke profil, men Jim Reeves fekk snart tilnamnet «gentleman Jim» og vann seg tilhøyrarar og tilhengarar over heile verda. Berre nokre månader før han døde, i april same året, heldt Jim Reeves sin fyrste og einaste konsert i Norge.
Familien til Jim Reeves var frå Irland og religiøse. Dette kunne han ikkje gløyma og det betydde mykje for han. Derfor vart det slik at der han opptråtte hadde han alltid med ein gospel-seksjon i programmet.
På konserten fyrstkomande laurdag vert mange av desse legendariske songane tekne fram att. Knut Inge Røen har vore fleire gonger på Tysnes tidlegare og også imponert mange med si song- og stemmeprakt. På piano vert Simon Madsen frå Bømlo med. Konferansier under konserten vert Marit A.Røen. – Då er det berre å gleda seg, og møta fram…….
Velkommen!