Publisert av:
16/9/2012 06:23
Bortetap
Njardar slit litt på bortebane, og til bortekampen mot Galgen i går laurdag vart det heller ikkje poeng med heim til Tysnes.
Njardar greidde ikkje så mange trekk med ballen før dei mista den, og dermed fekk heimelaget føringa i kampen.
Til pause stod det 0-3. Etter kvilen betra spelet seg litt for tysnesingane, men dei klarte ikkje skapa dei heilt store sjansane. Galgen fekk ei scoring til slik at sluttresultatet vart 0-4.
Desse var med: Kjartan Hagen, Arild Storesætre, Andreas Langeland, Ørjan Malkenes, Kristoffer Lie Hansen, Nils Eivind Hansen, Thomas Hagen, New Alex, Remi Ellingsen, Ole Kvernberg, Terje Hagen, Alf Magne Sirevåg.