Publisert av:
27/8/2012 20:43
Tryggleik på sjøen
Det er viktig at folk tek båtførerprøven med tanke på tryggleiken på sjøen. Det seier Auden Bergesen til Tysnesingen.
I næraste framtid vil det bli arrangert kurs på Tysnes. Bergesen er kursarrangør med nyoppstarta foretak.
– Eg gjer dette for å bruke utdanninga mi til noko som kan bidra til auka tryggleik på sjøen. Eg går på styrmannsskulen på siste året, og skal ut i jobb igjen til sommaren, fortel han.
Kursa vil i hovudsak vera på Tysnes og på Midtun, men dei vil reisa rundt der det er etterspørsel. Bergesen har tilsett ein kursleiar som vil reisa rundt og ha kurs.