Marknadsdag

Publisert av:
16/6/2012 19:22

Alt tidleg frå då marknadsdagen opna klokka 10 i Lunde i dag, så var det fullt med bilar på parkeringsplassen ved senteret.

På skuleplassen var det om lag ti salsboder/telt som var sett opp, og her kunne ein få kjøpa seg klede, pynteting, bruksting, helsesaker og mykje anna.

Til lundegrend.no seier primus motor Florence Straume at ho er godt nøgd med oppmøtet til marknadsdagen.

Foto: Kristine Malkenes Tveit og Gunnar Hansen.