Endeleg siger til smågutelaget
7/6/2012 17:31
Laga har spelt i puljer med stort sett reine 98 lag.Treningsviljen har vore god, men særleg for 11àr laget var overgangen stor frå å spela på 7`ar lag til 11`ar lag. Begge laga har hatt fleire store tap, men så langt har humøret vore på plass.
I den siste kampen for vårsesongen vart det siger til 11àr laget. På grasbanen på Reiso vann Njardar/Tysnes 5-1 over Olsvik. Denne gongen sat formasjonen stort sett bra og det var mindre tantefotball enn i dei førre kampane. Spelarane brukte styrken og gjekk meir i duell. Innimellom glei spelet bra, men her har spelarane framleis noko å gå på.
I første omgang hadde begge laga store sjansar. Njardar/Tysnes sette to av dei medan Olsvik netta ein gong. I andre omgang dominerte Najradr/Tysnes stort, og Martin hadde lite å gjera i mål.
Målscorarar for Njardar/Tysnes var Erik Enes 3, Alft Inge Stue og Sindre Økland.
7`ar laget har tre kampar att før vårsesongen er over. Den første av dei går på Reiso førstkomande laurdag. Treningane for alle held fram til skuleslutt.