Tok poeng med ti mann

Publisert av:
9/5/2012 20:42

Onsdag kveld kom Smørås på besøk til Reiso. Njardar opna kampen best og tok leiinga etter ti minutt då Nils Eivind Hansen plasserte ballen fint i mål med eit langskot frå 20 meter.

Deretter overtok Smørås. Noko av grunnen til dette var at domaren gav Endre Vermedal marsjordre etter om lag halvtimen spelt. Smørås utlikna og det stod 1-1 til pause.

Gjestane malte på i starten av 2.omgong. Men ikkje lenge, fordi Njardar-spelarane tok skikkeleg tak utover i kampen og viste ein enorm vilje til å jobba for kvarandre.

Njardar fekk ei vitamininnsprøyting då Kristoffer Lie Hansen ordna 2-1. Sjølv om Smørås utlikna to minutt etter, gav ikkje Njardar opp. Dei kjempa godt og klarte å berga inn uavgjort 2-2.

Desse var med:
Kjartan Hagen, Jostein Mehammer, Eivind Skorpen, Endre Vermedal, Raymond Epland, Tony Andre Gundersen, Aksel Lande, Nils E. Hansen, Remi Khaldi, Roy Inge Korsnes, Kristoffer Lie Hansen, Tommy Gundersen, Torbjørn Onarheim, Alexander Instøy, Torstein Flakke.