Invitasjon til cup

Publisert av:
8/5/2012 20:23

Cupen blir avvikla helga 6. – 8.juli og sidan ein no har fått på plass kunstgrasbane, vil alle kampar bli spelt på Reiso.

Klasseinndelinga er slik:

Klasse 1 – 7’ar fotball
”Lettbeinte menn” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig. 
(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 2 – 7’ar fotball
”Sårbeinte menn” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg.
(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 3 – 7’ar fotball
”Stivbeinte menn” – frå og med 40 år og oppover.
(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

Klasse 4 – 5’ar fotball
”Lettbeinte damer” – inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.
(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

 Klasse 5 – 5’ar fotball
”Sårbeinte damer” – ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg
(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

Påmeldingsfristen er 5.juni.

Fullstendig invitasjon finn du på njardar.no >>>