Bergen Sykkeltaxi + Tysnesfest
26/3/2012 06:19
I tillegg kjem dei til å utføra vanleg taxitransport under festivalen.
Me er glad for at Bergen Sykkeltaxi har bestemt seg for å sykla ein tur frå Bergen til Tysnesfest!
Meir om Bergen Sykkeltaxi:
Bergen Sykkeltaxi er eit nystarta selskap som har til hensikt å styrka mobiliteten, redusera klimautsleppet og bidra til å utvikla Bergen Sentrum som handelsstad og urbant byrom.
Selskapet hadde lansering 24. november 2011, og har i løp av 2012 ambisjonar om å utvikla seg til å bli en viktig samarbeidspartnar for byen sin handelsstand og reiseliv. Selskapet vil levera transport og opplevingar i den indre bykjerna og omlandet av nære bu- og arbeidsområde. Gjennom sin verksemd har Bergen Sykkeltaxi As ein ambisjon om å bidra til at Bergen Sentrum utviklar seg i miljø- og menneskevennleg retning – til glede for innbyggjarar og handelsstand.