– Berre teori
15/2/2012 21:00
Ein rapport syner at straumrekninga kan bli mindre om små nettselskap i distrikta slår seg saman. – Berre teori, meiner Steinar Austefjord i Tysnes Kraftlag skriv Nationen.
Analytikarar har funne ut at dersom Tysnes Kraftlag slår seg saman med BKK kan kundar i kraftlaget spara pengar på straumrekningen.
Dagleg leiar i Tysnes Kraftlag, Steinar Austefjord, går i rette med analysen. Han meiner den berre gjeld i teorien.
— Nettkundane våre får statleg tilskot på 9,7 millionar kroner, som utelukkande går til å redusere nettleiga. Desse midlane utjamnar ein stor del av skilnadane mellom vår og BKKs nettleige, som Pareto viser til. I tillegg er vi eit samvirkelag, og delar av overskotet går til å redusere nettleiga ytterlegare, seier han til nationen.no.
Ifølgje Austefjord er det lokale kraftlaget målt til å vere 11,6 prosent meir effektive enn storebror BKK. Han har lita tru på at nettkundane i Tysnes vil vere tent med ei samanslåing.