Solid av damene
12/2/2012 18:17
Gjestande lag til Tysneshallen i dag var Gneist 3, som ligg på plassen framfor Tysnes på tabellen. Med dagens 22-15 siger klarte Tysnes å knipa inn på avstanden og ligg no berre to poeng bak 4.plassen som Gneist innehar.
Heimelaget hadde ein god start og leia 6-1 då kvarteret var spelt. Så slapp dei Gneist litt inn i kampen og det var jamnt, men eit par kjappe mål like før pause gav 10-7 leiing til pause.
Etter pausen gjekk Tysnes raskt opp i 13-7 leiing, og med solid jobb bakover slapp dei aldri Gneist nærmare innpå seg.
Det var aldri tvil om kor sigeren ville hamna og sirena gjekk for full tid stod det 22-15 på resultattavla.
Desse var med: Celine V. Lunde (3), Hege Flornes (2), Julianne Wollertsen (3), Linda Flornes (2), Isabel R. Vik (1), Renathe Hagen-Lunde (3), Svanhild Tysnes (1), Evenlyn Frugård, Sara Elisabeth Stue (4), Eirin Dalland (3), Marion Brungot.


