Fin vinterdag

Publisert av:
29/1/2012 17:39

Sol og blå himmel over Tysnes i dag gjorde at utfarten var stor frå Solheimsdalen.

Det var fint skiføre frå parkeringsplassen. Mange gjekk til Grostølen der det var fint å gå på ski. Andre tok turen heilt til Såto, der var det litt meir skare så folk fekk testa skikunnskapane litt meir enn i løypene.

Ved oppsida av bruo nesten inne ved Løkjen samlast ein del familiar med born. Her vart det laga til eit lokalt skirenn for dei minste, og sjølv om det var ein uoffisiell spontan skikonkurranse var det ingenting å sei på innsatsen for å få bestetida.