Elevar til ski NM
24/1/2012 21:39
I morgon er det offisiell opning av Noregsmeisterskapen på ski som vert arrangert på Voss.
Torsdag reiser Onarheim skule og Lunde skule nordover til Voss for å setja sitt preg på NM. Arrangøren inviterer nemleg skular og barnehagar til å laga folkefest på Voss, og dei ynskjer at born frå heile fylket skal få ta del i skifesten. Kongen kjem til ski NM på torsdag og tysnesingane vil få vera mellom dei som er med og tar i mot Kongen.
Born vert oppfordra til å opptre på NM-scena, der kvar gruppe har tre minutt på seg til å framføra. Onarheim og Lunde skal etter det Tysnesingen kjenner til på NM-scena og syngja og spela.
På stadion blir det laga ein aktivitetspark der ungane får boltra seg. Aktivitetsparken har ulike postar med fysiske og teoretiske oppgåver. Her blir det opplæring i natur og skogbruk, og Barnas skiklubb tilbyr mange kjekke aktivitetar. Kvar skule får sin eigen aktivitetsleiar, som saman med lærarane følgjer elevane gjennom dagen.
Dette blir nok ein minneverdig dag for skuleelevane som reiser frå Tysnes.