Publisert av:
10/1/2012 05:36
Livin’ Right Now
Livin’ Right Now fekk i forrige månad brei og god omtale på musikkbloggen.no, og etter opptreden under nyttårsfeiringa i Vonheim fekk dei også mykje skryt for musikken deira.
Og no ønskjer dei seg fleire spelejobbar, fortel Emil Andre Nordtveit til Tysnesingen. 20-åringen skriv låtane sjølv og han er vokalist i bandet. Bassist i gruppa er tysnesingen Haakon Haaland.
To av låtane ligg på youtube og er vel verdt å høyra på: I’m not coming home og – Waiting for the day
Musikkbloggen skriv mellom anna; “For det Livin’ Right Now og låtskriver og vokalist Emil Andre Nordtveit beviser på denne demoen er et lovende låtskrivertalent i kombinasjon med et øre for en god melodi.”