Publisert av:
19/12/2011 19:12
Spekkhoggarar i fjorden
Det har vore oppslag i Bergenspressa dei seinaste dagane om spekkhoggarar i fjordane rundtom.
I føremiddag var dei å sjå i nærleiken av Vernøya. Terje Kristoffer Helland var på jobb på fiskeanlegg då han fekk synet av dei.
Helland seier at ut frå storleiken på dei, så er det nærliggjande å tru at det var spekkhoggarar han såg – ikkje delfinar.