Handballkampar i hallen

Publisert av:
4/12/2011 08:18

Fyrste kampen i dag var mellom Tysnes G12 og Viking. Dette var to lag som spela jamnt i byrijinga av kampen.  Det vart få mål og begge laga spela veldig bra forsvar.

Tysnes fekk straffe mot seg tidleg i 1.omgong men den redda Bjørn Ove galant!! Viking sine gutar var nok hakket betre i angrep og scora fleire gongar før Tysnes fekk sin fyrste. Tysnes sine gutar jobba godt og kom til fine avslutningar men det vart dårleg uttelling – det vart mykje skot i tverrliggar og i stolpe i tillegg til at Viking hadde ein veldig god keeper. 

Men på tross av dette haldt dei humør og arbeidsmoral oppe og vart belønna med ei flott scoring av Olai frå vingen.  Laga gjekk til pause på stillinga 1-9.  Sjølv om dei låg sopass bak kom Tysnesgutane på banen igjen fulle av pågangsmot.  Dei fortsette det gode samarbeidet i forsvar og klarte å spele seg til nokre fine avslutningar også i denne omgangen. Olai scora 2 flotte mål frå vingen og Sondre fekk prikka inn ei scoring etter ei kontring.  Kampen enda med siger til Viking:  4 –17.

Tysnes G12 har hatt ei fantastisk utvikling og er blitt eit veldig bra lag.  Dei er gode i forsvar og dei er heller ikkje redd for å skyte!! Hadde alle skudda deira vore innanfor stolpane i dag så hadde resultatet vore eit heilt anna!! Stå på gutar (og trenarar) – dette var gøy å sjå på!!!

Neste kampen var Tysnes G13 mot Sotra. Starten av 1.omgong vart dominert av Tysnes og dei leia 3-0 før Sotra fekk si første.  Tysnes hadde kontroll og leia heile omgongen etter flotte scoringar. Til pause var stillinga 8-5.

I 2.omgong kom Sotra meir med.  Kanskje slappa Tysnesgutane litt av – dei kom litt langt ut i forsvar og Sotra kom gjennom gong etter gong og leiinga til Tysnes skrumpa sakte men sikkert. 
Halvvegs i 2.omgong var Sotra ajour.  Tysnes fekk 1-målsleiing igjen men mot slutten av omgangen utligna Sotra igjen og klarte etterkvart å ta leiinga 10-11 til stor jubel frå Sotraforeldre på tribunen! Tysnes sette inn ein sluttspurt og klarte å berge sigeren – sluttresultatet vart 13-12!