Ynskjer innspel

Publisert av:
30/11/2011 18:17

6.desember kjem Skyss til Tysnes. Her skal dei ha eit møte med Tysnes kommune om rutetilbodet for tysnesingane.

Dei har fått ein del innspel frå befolkninga, men ordførar Kjetil Hestad oppfordrar folk å koma med så mange innspel som mogleg.

– Me ynskjer igjen å oppfordra tysnesingane til å komma med innspel dei har til kva som kan gjerast betre med rutetilbodet i Tysnes – og ikkje minst til og frå Tysnes, seier Hestad til Tysnesingen.

Har du innspel til rutetilbodet, kan du senda det på mail: post@tysnes.kommune.no