På Lerøy cup
11/11/2011 08:30
Kampene var i Vestlandshallen laurdagen. Tysnesingane stillte optimistisk som alltid…, men slapp inn 37 mål totalt.
– Me fekk 1 mål, eit mål som nok ikkje hadde blitt godkjent til vanleg, men dommaren sa at han ikkje hadde samvittighet til å la vera å gi oss det, seier Linn Frøkedal til Tysnesingen og smiler.
– Me spelte 4 kamper. Kjapt oppsummert: Me hadde ei kjekk helg, nokre av oss var på revy fredag (Bye og Rønning), kampar og middag med premieutdeling på laurdag. Me fekk Fair play prisen, så den er me stolt av! seier ho nøgd.
Lerøy inviterer til Lerøy cup kvart år. Etter kvar cup tenkjer tysnesingane på at dei må starte opp med fotballtrening miiiinst 2 ganger i veka. – Men tida går så fort… I år hadde me faktisk 2-3 treninger i forkant. Litt lite det då mange av laga trener fast heile året, konkluderer Linn.
– Ole Christian Kjerrgaard mangla jo også, han stakk til Oslo på Cupfinale istadenfor. Han er vanlegvis lagleiaren vår. Men, men, me hadde det gøy, og me gleda mange andre lag som fekk seg store sigrar, ler ho.
For statistikkens skuld nemner me at Austevoll vann over Salmar i finalen.