Konsert med foCusQuartet og Brad White

Publisert av:
9/11/2011 17:57

Våren 2010 vitja Austevoll-gruppa  “foCusQuartet”  Tysnes med konsert.  På plakaten stod også amerikanaren Brad White, men på grunn av vulkanutbrot på Island, og påfylgjande fly-kaos over Atlanteren, vart han så forseinka til Norge at han ikkje nådde konserten på Tysnes.  Laurdag 12.november er dei attende i Tysnes kyrkja, denne gongen vert også Brad White med.

foCusQuartet, som tidlegare var ein trio med brødrene Jan-Tørres, Terje og Per Nordstrand, har i over 35 år songe på bedehus, i  kyrkjer og i andre samanhengar, og har farta over heile landet med songen sin, kjend som “Br.Nordstand”. Dei har også delteke på gospelfestivalar i utlandet, m.a i Skotland og Irland og på den årlege og tradisjonsrike festivalen “National Quartet Convention” i Louisville i USA. Sistnemnde er den største mønstringa  innan denne songtradisjonen og samlar 30-40.000 menneske frå heile USA.

Etter at Terje Haveland slutta seg til, er trioen utvida til kvartett. Repertoaret er variert, frå gode gamle bedehussongar, til songar dei har henta og oversett frå amerikansk sørstats-gospel. Dette er ein songstil som ikkje har nokon lang tradisjon i vårt land, men som etter kvart har byrja å verta kjend, m.a. på grunn av Gloria og Bill Gaither sine “Homecoming”-produksjonar på video og plater. Dei skriv også songar sjølve. Ein klår bodskap, framført i ei variert tonedrakt og med ein lett folkeleg uttrykksmåte, er eit varemerke for “foCusQuartet”.

Dei har gjort tre CD-innspelingar. Den fyrste på Lynor. Dei to siste i Nashville, med Ben Speer som produsent og med lokale Nashville-musikarar.

Brad White er no inne i sitt 21.år som kristen artist, eller rettare sagt musikkteneste. Han spelar på mange strenger. Han er ein kunstnar på piano, og mellom dei aller beste pianistane innan sin sjanger. Han og familien bur i Memphis, Tennesee i USA.  Han reiser over store deler av verda, har opptrått i alle statar i USA og i til saman 50 land. Mange nordmenn vil kjenna han att frå Gaither Homecoming-seriane. Han reiste i mange år som ein del av James Blackwood Quartet og The Blackwood Brothers Quartet. Med andre ord ein allsidig og erfaren musikar, men også ein bevisst kristen sangevangelist.

Brad White har to gonger vore nominert til “Grammy-award”. Han har laga eit eige piano-undervisningsopplegg med kun kristne songar. Han har laga meir enn 10 CD-produksjonar, og har dei sista åra knytt nære band til Norge og foCusQuartet få Austevoll.

Brad White er oppteken av å vera til glede og inspirasjon, og er bevisst i si sang-og musikkteneste. Han ynskjer å formidla Guds nåde og kjærleik til alle han møter.

Her på Tysnes er det som sist, Tysnes støtteforening for Indremisjonen som er arrangør.  Det var ein flott kveld med mykje folk sist gruppa frå Austevoll var her. No gler me oss stort til at me endeleg får Brad White med også. 
Dette er verkeleg ein stor kveld å sjå fram til!