Masse jobbar framover?

Publisert av:
27/10/2011 18:54

Om litt over eitt år vil 25 prosent av dei som jobbar i Tysnes kommune vera over 60 år. Kommunen kan difor om ein fem års tid måtte ha om lag 80 nye arbeidstakarar.

Det er rådmann Roy-Sverre Amundsen som fortel i Bladet Tysnes om utskiftinga i arbeidsstokken til kommunen som vil koma dei neste åra.

Lorentz Lunde i Krf meiner denne utkskiftinga må sjåast positivt på og er eit høve for Tysnes å kunna tilby jobb til tilflyttarar og andre interesserte.

Rådmannen meiner at kommunen då må vera proaktive og marknadsføra Tysnes som ein attraktiv jobbkommune for å kunna tiltrekkja seg arbeidskraft.