Mange på sjømatkveld

Publisert av:
9/10/2011 11:09

Over 60 personer kom til sjømatkvelden i Vodlatun laurdag kveld. Etter dei tilbakemeldingane Tysnesingen får kosa folk seg og det var mykje skryt over den gode maten.

– Ja, det er gøy å laga til når me får så gode tilbakemeldingar, seier Anne-Britt Onarheim. Ho skryt over komitèen, med Svein Tore Flakke i spissen, som laga til festen.

– Me er ein gjeng som har det kjekt i lag når me steller til ulike arrangement, eller har dugnad i Vodlatun, seier ho.

, Det var god blanding av folk med alt frå 18 til 70 år til stades. Og det er jo ekstra kjekt, sluttar Onarheim.

Alle bilete: Anne-Britt Onarheim.