Pipe og tobakk – og rasjoneringskort

Publisert av:
12/9/2011 10:56

Månadens gjenstand på biblioteket denne månaden er ein kjend og kjær ven for mange: den gode gamle innrøykte snadda. Olav Skjellevik har funne fram mykje snadder frå den tida det gjekk på “heimeavla” og rasjoneringskort – ikkje berre for tobakk, men også for vin og brennevin.

I juni 1942 vart det kunngjort at tobakk vart gjevne til menn fødde før 1. januar 1924 og til kvinner fødde før 1. januar 1921, dersom dei kunne påvisa at dei hadde vore faste brukarar av tobakk. Fleire tusen byrja å røykja, for rasjonane måtte då takast ut! fortel Olav Skjellevik, som har skrive morosamt og opplysande om tobakks- og alkoholrasjonering i hine hårde dage. Alt dette og meir til kan du lesa og sjå på utstillinga på biblioteket.

Utstillinga vert ståande ein månads tid frametter.