Publisert av:
11/9/2011 15:25
Dagtilbod til heimebuande med demens
Tilbodet er ofte organisert som plassar / dagavdeling knytt til sjukeheim / omsorgssenter. Dei heimebuande demente på Tysnes har ikkje eit slikt tilbod.
Dagtilbod for personar med demens er eit satsingsområde. Målsettinga i Demensplan 2015 er alle kommunar innan 2015 skal kunne tilby dagaktivitetstilbod til personar med demens.
Aldring og Helse /Nasjonalt kompetansesenter har med støtte frå Helsedirektoratet invitert kommunane til temakurs 05. desember 2011 på Gardemoen. Hovudføremålet med kurset er å gje kommunane kompetanse i “Tilrettelagte dagtilbod for personar med demens – etablering, forankring og drift”. Planleggjarar og helsepersonell er målgruppa for kurset. Tysnes kommune vil ha deltakarar på dette temakurset.