Distriktstevne i dressur, Bergen

Publisert av:
6/9/2011 13:55

Det var eit fryktelig vær med regn og blæst frå morgonen av, men det var i periodar nesten opphald. Banen var våt og tung å ri på, så prosentane til dei som reid vart litt lågare enn normalt.

Fyrste delen av stevnet var distriktstevne, medan siste avdeling var klubbstevne .I fyrste klassen , LC 3, fekk Kristi og Lilla My ein 3.plass med 58,8%. Neste klasse, LB 2 (ein vanskegrad opp) reid ho på ponnien sin, Little Leo, og fekk ein 5. plass med 52,2%. Neste klasse, også LB 2-program fekk Kristi og Little Leo ein 3. plass med prosenten 47,7%. Vinnar av klassen, Marte Hatlebrekk, enda opp med 52,7% . Været og baneforholda under denne klassen var svært vanskelege, så hestane måtte verkeleg bruka energi for å få fram kva dei var gode for!!!

I dei siste klassane kom været seg. Kristi og Lilla My avslutta dagen med å få seg ein fin 2.plass i LC  3 med 64,4 %. Ein kjekk avslutning på ein kald, våt men veldig kjekk dag !!