God start

Publisert av:
14/8/2011 16:41

Trenar Kjartan Hagen slapp til mange unge spelarar i dagens kamp på Vassbakken mot Smørås. Det viste seg å vera eit godt val då dei viste solid innsats, samt at dei rutinerte var med og behaldt roen i laget.

Sigersmålet kom i 1.omgong etter eit godt skot frå distanse frå Tommy Hansen. Njardar hadde fleire fine kombinasjonar og var ivrige etter å koma rundt på kantane. Dette gav mange målsjansar og Njardar-sigeren burde så absolutt vore større.

I dei siste minutta pressa gjestane på, men heimeforsvaret rydda unna og sikra seg tre poeng og som førte dei opp i ryggen på dagens motstander midt på 7.divisjons tabellen.

Desse var med:
– Kjartan Hagen, Torstein Flakke, Endre Vermedal, Steffen Opdal, Fredrik Winther, Simon Malkenes, Aksel Lande, Nils E. Hansen, Tommy Hansen, Roy Inge Korsnes, Remi Khaldi, Gard Bakke, Eivind Skorpen, Daniell Hauge Hansen.