Publisert av:
6/8/2011 11:24
Fullt….
Berre minuttar etter at bruktmarknaden opna var det stinn brakke i gymsalen i Lunde skule. Og folk som kom til etterkvart måtte parkera langs vegen for å få parkeringplass.
Folk frå heile øya og folk frå omegnen kom til Lunde for å sjå om ein kunne gjera seg ein god handel. Det virka som om dugnadsgjengen i Lunde Bygdalag hadde nok å hengja fingrane i så me vil tru det vart god omsetnad på det store utvalet av brukte ting som var for sal.
Klokka tolv opna auksjonen for ein del større ting der Kjetil Hestad svinga klubba som auksjonarius.
Etter handlinga kunne folk få seg grillmat, vafler og kaffi ved Kulturståva og slå av ein prat med kjentsfolk og diskutera dei gode kjøpa dei hadde gjort :)