Utstilling i Dokkegalleriet

Publisert av:
10/7/2011 10:49

Folk kom jamnt og trutt innom både fredag og laurdag, og dei var interesserte i å høyra om Tysneshuene og korleis dei vart brukte. Bruksområdet varierte. Tysneshuene vart brukte både til bunad og seinare også til moteklede, slik som Britt og Vibeke gjekk kledde under Tysnesfest !

Dei to damene har sydd Tysneshuer for sal, og fleire av dei som var innom prøvde huer, og fleire nytta høvet til å kjøpa seg ei. Nokre nyttar alt Tysneshua til bunaden, og det hadde vore kjekt viss fleire gjorde det.

Tysneshua er eit plagg som blir lagt merke til. Med rett tilpassing og rett storleik er hua eit stasplagg!

Barn som kom innom kunne sy si eiga Tysneskone, i form av eifingerdokke med Tysneshue og det heile. Ein del barn var innom både fredag og laurdag. Dei såg ut til å kosa seg med aktiviteten og vart svært nøgde med resultatet!

Ferdig oppklipte “Tysneskoner” (fingerdokker) med oppskrift er å få kjøpa på Dokkegalleriet, og utstillinga av Tysneshuer er open ut juli.