Imponert over opning

Publisert av:
12/6/2011 22:00

Laurdag kveld var det klart for årets opning av Galleri Elisabeth G. Det var som vanleg mange som hadde teke turen til Elisabeth Godøy, og dei fekk ei flott oppleving av opninga av Eikaas-utstillinga. Det var Sigrid Gjerstad, som kjende Ludvig Eikaas, som stod for opninga.

– Sigrid gjorde det på ein glimrande måte til stor applaus for dei veldig mange frammøte, fortel Godøy til Tysnesingen.

– Ho fortalde om Eikaas på ein levande måte, i tillegg les ho dikt på ein måte som trollbandt heile forsamlinga. Ikkje mindre enn imponerande, seier Godøy.