Publisert av:
22/5/2011 20:18
Målrikt – på godt og vondt
Fredag kveld spelte Njardar sitt gutelag mot Bremnes 3 på Vassbakken. Det vart ein flott siger til Njardar med heile 9-1 etter mål frå Morris Skulstad 2, Tommy Gundersen 2, Alexander Instøy 2, Aksel Lande 2 og Torstein Flakke.
I ettermiddag møtte damelaget Apollo. Også her vart det ni mål til Njardar. Måla i 9-0 sigeren kom frå Marita Lie Nesse 4, Renathe Hagen-Lunde 2, Karoline Dalen 2 og Torunn Belt.
A-laget var gjestar hos Trott 3. Det var ein flau forestilling av gultrøyene og dei tapte heile 0-16, noko som er det største tapet til Njardar sitt a-lag i historien!
Smågutar 97 tapte 1-4 for Stord 2 i dag.