Tysnesfest Grand Prix

Publisert av:
7/4/2011 06:35

Frå å vera eit lite men viktig innslag på ein marknadsdag i Våge har fenomenet kassabilløp ekspandert noko vanvittig. Dei siste åra har me sett ein oppslutnad rundt arrangementet som overgår fleire store nasjonale idretts- og kulturarrangement. Med ei løype fullspekka av forventningfulle tilskodarar, ein grundig arenaproduksjon, og ikkje minst bilar og sjåførar det står enorm respekt over, har Tysnesfest Grand Prix vorte eit nasjonalt merkenamn innan denne sjangeren.

I år legg me lista endå høgare. Me garanterar eit spektakulert arrangement.

Tradisjon
Ettersom Tysnesfest GP, tidlegare kassabilløpet, er eit av dei faste innslaga som har halde ut gjennom alle år, frå tidlegare Prikkedagar og til dagens Tysnesfest, er arrangøren særs tilfreds med å sjå at dette berre har auka i popularitet. Dette har gjort det mogeleg å utvida konseptet frå ei enkel løype med tidtaking over ein megafon, til dagens opplegg med speakerteneste i stereo, lengre og meir samansett løype, og ikkje minst arenaproduksjon med både lyd og bilde.

Storskjerm
Eit pilotprosjekt i fjor var å bruka storskjerm og live kameraproduksjon for å gje mest mogeleg av publikum høve til å sjå heile løpet. Attendemeldingane på dette er einsarta positive, og dette tek me med oss inn i årets festival. Konseptet når nye dimensjonar på alle tenkjelege måtar, og både deltakarar og publikum vil få oppleva så utruleg mykje meir enn eit billøp der det handlar om å vera best. Me seier ikkje meir, her er det berre å bli ein del av det!

NM
For å rettferdiggjera skilnaden mellom kreative heimabyggjarar, og dei som har kassabil som livsnerve, har klasseinndelinga vorte utvida. I dag er det fleire klassar, alt frå meisterskap, til opene alderbetinga. Gåvebordet er stort, og konkurransen går ikkje berre på beste tid, men også finaste bil, og mest sjarmerande gjennomføring. Ein nøye samansett jurye har arbeidet med å avgjera dette.
I meisterskapsklassen er framleis hovudpremien billett inn til Noregsmeisterskapen i olabil, som vert arrangert årleg.  Enkelte har kanskje sett dette på TV, og dei som har føld nøye med har garantert sett deltakarane frå Tysnesfest.

Venke Knutson
I fjor fekk me popesset Venke Knutson med i premieutdelinga. Ho tok utfordringa med å skapa blest om deltakarane på strak arm, og skapte saman med programleiinga ein fenomenal stemning rundt premieseremonien. I år er det nye store artistnamn på plakaten, og tradisjonen tru legg me ikkje lista lågare…

Me byggjer bil!
Kreativiteten skal bløma kringom i grendene. Alle kan byggja ein bil. Det fins mykje informasjon om korleis ein går fram i byggeprosessen på internett. Som oftast har ein gut eller ei jente lyst å byggja bil. Då må mødre, fedre, onklar og tanter og andre hjelpessveinar vera på pletten med utstyr og idear. Vegen frå ide til doning treng ikkje vera lang!

Påmelding
Påmelding til Tysnesfest Grand Prix 2011 startar i dag. Klikk deg inn på www.tysnesfest.no for å finna informasjon om løpet og påmeldingsskjema, og ta gjerne kontakt dersom du lurer på noko!
For øvrig finn du masse informasjon om kassabilar og bygging på www.olabil.no.
Velkommen til eit eventyr av eit bilsportarrangement under Tysnesfest 2011!