Båtar og skip til Tysnesfest

Publisert av:
21/3/2011 13:48

M/S Sjøkurs (Ragnvald Jarl)
vart bygd som hurtigruteskip for Det
Nordenfjeldske Dampskibsselskab og levert i 1956. Ragnvald Jarl
fungerte som hurtigruteskip fram til 1996. Skipet har sidan fungert som
skuleskip, og er i dag eigd av Sørlandets maritime videregående skule i
Kristiansand. M/S Sjøkurs skal fyrst og fremst fungera som hotellskip
for artistar og crew under festivalen. Men skipet vil og vera ope for
publikum, slik at ein kan drøyma seg litt tilbake til storheitstida på kysten
av Noreg. Meir info om sjøkurs:
http://no.wikipedia.org/wiki/MS_%C2%ABRagnvald_Jarl%C2%BB

D/S Stord 1
D/s Stord 1 har vore trufaste mot festivalen sidan oppstarten, og me er
stolt over at gjengen om bord på D/S Stord 1 igjen har valt og leggja
turen til Tysnesfest laurdag 9. juli for og visa fram vinterens arbeid. Sjå
meir info om D/S Stord på: http://www.fjordabaaten.no/

M/s Midthordland
Ingen Tysnesfest utan cruise på fjorden med M/S Midthordland. Me er i
full gang med å planlegga spennande cruise for “Bjørnefjordens
dronning.”

S/S Seladon.
S/S Seladon har hatt ein hard vinter med brann om bord, og me er veldig
glad for at skuta blir klar til Tysnesfest. Her vil det bli arrangert diverse
kurs og sjørøvarcruise.

Tysnes Kystlag.
I tillegg vil Tysnes Kystlag liggja i Våge under festivalen med eit stort
utval skøyter og kuttarar. Me er glad for at Kystlaget ynskjer å bidra, slik
at me får vist fram vår maritime arv til nye generasjonar.