Karatestemne
31/1/2011 14:54
Sjølv om dei 4 ungdomane hadde med seg litt erfaring frå tidlegare stemner, var dei spente før kampstart. Det var vel ikkje fritt for at me foreldre også følte ein viss spenning.
Men Reksteren karateklubb veit å sparka og slå frå seg, og av 4 utøvarar vart det 3 gull, og 1 sølv.
Jone gjekk to kampar, med siger i begge, medan Henrik vann 3 kampar.
På grunn av at mange meldte fråfall fekk Johannes og Tobias bare ein kamp, og det var mot kvarandre. Dette var ein jamn kamp, der Tobias tok første halve poenget. Men mot slutten viste Johannes meir musklar, og gjekk så vidt av med sigeren.
Den jobben Vidar med andre(trenarar) gjer for og med desse ungdommane(og mindre born) er fantastisk, noko også resultata på stemner syner. Me som foreldre ynskjer igjen å få takka dei suverene karatetrenarane me har på øya.