Jenter 11 på tokt til Husnes

Publisert av:
31/1/2011 08:08

Fyrst møtte me Stord, var ei stund sidan me hadde spelt mot dei, så litt spente var me. Når kampuret stoppa viste det 12 – 9 til Tysnes. Jentene storspelte i forsvar og angrep, og mange klarte å lure ballen forbi keeperen til Stord.

Mot Kvinnherad var me topp motivert, me visste av erfaring at dette fort vert tette og gjevne kampar. Og i dag hadde me verkeleg lyst å vinne. Og etter 2.omgonger vant me 9 – 6.

Kampen var utroleg spennande. KHK leda med to mål gjennom det meste av kampen, men jentene frå Tysnes gav aldri opp og drog ifrå mot slutten. I denne kampen viste jentene verkeleg kva som bur i dei. Målvaktene storspelte, og både angrep og ikkje minst forsvarsspelet var imponerande.

Foto: Sofie Dalland.