Publisert av:
26/1/2011 17:46
God butikk med ferjekort
Tal frå Fjord1 og Tide Sjø viser at halvparten av alle ferjereiser på Vestlandet vert betalt med ferjekort. Dermed er det ein stor del igjen som ikkje gjer seg nytte av denne rabatten.
Ved å investera i ferjekort kan ein spara mange kroner over fleire ferjesamband her vest. Og snart er planen at ordninga med felles ferjekort på tvers av selskapa skal bli landsdekkande.
Noko av grunnen til at såpass mange ikkje nyttar seg av tilbodet med ferjekort kan vera for høgt eingongsbeløp.
– Kortet for personbilar kostar tross alt 2800 kroner, men det er ei veldig gunstrig ordning for dei som bruker ferjene mykje, seier adm.dir i Fjord1 Stig Kristoffersen til NRK Hordaland.