Publisert av:
16/12/2010 21:04
Juleavslutning
Juleavslutninga vart arrangert i gymsalen i Lunde skule av 1. til 6.klassingane.
Alle elevane ved skulen var med på framføringa av julespelet om barnet som vart fødd i Betlehem. Her var det forteljar, Engelen Gabriel, Josef og Maria, to herbergemenn, to englar på Betlehemsmarka, englar i talekoret, gjetarar og kor med solistar.
Julespelet vart flott gjennomført og elevane var kjempeflinke i rollane sine, noko som begeistra dei mange tilhøyrarane i salen.
Etterpå var det mat og drikke og sosialt samvér.